Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkeidsvoll, Solveig Sæther
dc.date.accessioned2024-01-23T08:31:53Z
dc.date.available2024-01-23T08:31:53Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3113223
dc.descriptionErfaringsbasert master i etterforskning.en_US
dc.description.abstractI dette forskingsprosjektet har eg undersøkt korleis norsk politi brukar media som eit etterforskingsverktøy under etterforsking av grov vald og drap, ved å offentleggjere informasjon i media. Nærmare bestemt har eg undersøkt kva vurderingar polititilsette gjer knytt til om mediepresentasjonar er eit eigna verktøy, kva slike presentasjonar skal innehalde og korleis ulike roller i politiet samhandlar under førebuinga av presentasjonane. Formålet med prosjektet har vore å bidra til auka bevisstheit og kompetanse i politiet om formålsstyrt bruk av media som eit etterforskingsverktøy. Temaet har eg undersøkt gjennom ei kvalitativ vignettundersøking, ved bruk av semistrukturerte intervju av påtalefaglege etterforskingsleiarar, politifaglege etterforskingsleiarar og ein kommunikasjonsrådgivar. Vidare har eg gjennomført ei tematisk analyse av materialet etter modellen til Braun og Clarke (2006). Hovudteorien brukt for å belyse materialet er Goffman (1959) sin rolleteori med omgrepa frontstage og backstage. I tillegg er det brukt teoriar om kommunikasjonsformer, tverrfagleg samhandling og hierarki. Analysa av materialet viser at informantane sine ønsker om å bruke media avhenger av informasjonsbehov i etterforskinga, alvorsgraden på lovbrotet, ressurssituasjonen og om politiet har behov for å kontrollere nyhendebiletet. Det kjem også fram at informantane balanserer etterforskingstaktiske, etiske og juridiske omsyn når dei utarbeider presentasjonar. Vidare viser analysa at informantane ser på samhandlinga mellom påtalefaglege etterforskingsleiarar, politifaglege etterforskingsleiarar og kommunikasjonsrådgivarar som ein styrke i mediearbeidet. Det framstår som at samhandlinga hovudsakleg er prega av open perspektivdeling, forståing mellom rollene og situasjonstilpassa hierarki. Derimot underbygg analysa at informantane som er påtalefaglege og politifaglege etterforskingsleiarar opplev relasjonen til operasjonsleiarar og innsatsleiarar som meir utfordrande. Det framstår som at rollene i mindre grad verdsett forskjellane i perspektiv og tidvis er ueinige om kven som har avgjerdsmynde. Særleg er informantane misnøgde med kva informasjon innsatsleiar og operasjonsleiar deler, og når dei deler denne. For å løyse desse utfordringane tar informantane til orde for ei tettare og meir organisert samhandling med dei operative leiarane.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherPolitihøgskolenen_US
dc.subjectmasteroppgaveen_US
dc.subjectetterforskningen_US
dc.subjectkvalitativ metodeen_US
dc.subjectintervjueren_US
dc.subjectmediaen_US
dc.subjectetiske refleksjoneren_US
dc.subjectjuridiske refleksjoneren_US
dc.subjecttverrfaglig samarbeiden_US
dc.subjectetterforskningstaktiske refleksjoneren_US
dc.subjectmediepresentasjoneren_US
dc.titleNorsk politi sin bruk av media som eit etterforskingsverktøy: Vurderingar og samhandlingen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.versionacceptedVersionen_US
dc.source.pagenumber88 s.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel