• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Politihøgskolen
  • Master i politivitenskap
  • View Item
  •   Home
  • Politihøgskolen
  • Master i politivitenskap
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Terrorisme og politisk vald i Noreg : seks hendingar i lys av to terrorismedefinisjonar

Nordstrand, Øystein
Master thesis
Thumbnail
View/Open
Masteravhandling_Oystein_Nordstrand_2011.pdf (839.9Kb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/174781
Date
2011
Metadata
Show full item record
Collections
  • Master i politivitenskap [79]
Abstract
Studien tek for seg terrorisme og politisk vald i Noreg i tidsrommet 1988 til 2011.

Hovudtemaet er problematikken kring omgrepsforståinga av terrorisme og politisk vald, både

i straffelova av 2005 og i forskingslitteratur kring desse samfunnsfenomena, særleg

definisjonen av terrorisme til Tore Bjørgo og Daniel Heradstveit (1993, s. 30). Definisjonen i

straffelova er ein juridisk definisjon, medan den andre er ein samfunnsvitskapleg definisjon.

Samfunnsfenomenet terrorisme blir diskutert som eit gråsonefenomen med ulike sektorar av

former for politisk vald. Det er valt ut seks hendingar der ein drøftar i kva grad dei fell inn

under terrorismedefinisjonen i straffelova av 2005 og definisjonen til Bjørgo og Heradstveit.

Dette illustrerer at hendingane kan forståast ulikt når dei blir tolka i lys av ei juridisk forståing

og ei samfunnsvitskapeleg forståing av samfunnsfenomenet terrorisme. Ein diskuterer også

om hendingane som ikkje blir rekna som terrorisme, kjem inn under det breiare omgrepet

politisk vald.

Eit forskingsspørsmål er korleis fenomenet terrorisme blir tolka i kapittel 18 i

straffelova av 2005, som gjeld terrorhandlingar og terrorrelaterte handlingar. Det blir også

peika på nokre faktorar som har vore med og påverka utforminga av definisjonen i straffelova

av 2005. Dei seks hendingane som er valt ut er: sprengladningen mot Bandidos-hovudkvarteret (1997), brannen ved pelsdyrfôrprodusenten Jakob Tveit AS (2003), brannen i ein einebustad i Mathopen (1997), kapringa av eit Kato Airline-fly (2004), skota mot forlagsdirektør William Nygaard (1993) og eksplosjonen i regjeringskvartalet og massakren på Utøya 22. juli (2011).
Description
Master i politivitenskap. Merknad: Masteroppgåva vart vurdert i november 2011, og ho ligg no føre med nokre justeringar.
Publisher
Politihøgskolen

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit